Mathias Røyrvik er for tiden aktuell med visuelle effekter på filmen Wonder Woman som nå går på kino, tidligere har han blant annet deltatt på filmer som Alien: Covenant, Miss Peregrine’s Home for Peculiar Children, Suicide Squad, X-Men: Apocalypse og Goosebumps.
En rekke tidligere studenter fra studiene 3D design og 3D animasjon har havnet ut i filmbransjen etter endt utdanning hos oss. De fleste i Norge, men noen har også havnet i VFX-bransjen (visuelle effekter) i utlandet. Vi har vært heldige å få intervjue tidligere student Mathias Røyrvik som gikk på 3D design og 3D animasjon 2009 – 2011. Les hele intervjuet under bildet.
3D design er et sterkt voksende fagområde innen media og kommunikasjon og med stadig ny teknologi som 3D-printing og Virtual Reality.

 

Hva jobber du som?
Eg jobbar som Lead Rigging TD hos MPC. Det betyr at eg dermed har ansvar for alt av rigging som skjer på min film.

Hva er viktig for å lykkes i denne bransjen?
For meg, mykje av det eg har sett opp gjennom åra og snakka med folk som har gjort dette lenge så er problemløsing, ei evne til å utvikle seg og kunne jobbe godt i lag med andre veldig viktig. Ein skal sjølvsagt kunne gjera jobben og, men å kunne jobbe i lag med andre, kunne dele idear, utvikle vidare på dei ideane er noko som blir satt stor pris på.

Har du noen råd til de studentene som skal begynne med en utdanning innenfor 3D, animasjon og visuelle effekter?
Prøv mykje forskjelleg. Sjølv om du trur modellering eller animasjon er det einaste du nokon gong har lyst til å gjera, så vil eg likevel anbefale å prøve litt av hvert. Det kan hende du har eit skjult talent for noko, eller at du kan vera flink til fleire ting.

Og det er uhyre viktig å ikkje bare tenke at me jobbar på datamaskinar og at man derfor ikkje treng å læra seg matte, fysikk eller korleis ting faktisk fungerer. Me prøver å gjera ting så realistiske som me kan, og når me må jukse så prøvar me å jukse slik at det virker realistisk. Det skjer støtt og stadig at eg kjem over eit problem der eg forstår at med litt matte så kan eg løyse problemet. Det er ikkje sikkert eg kan akkurat det, men det er nok for meg til å begynne å søke opp informasjon om emnet eller snakke med kollegaer.

Vær nysgjerrig. Test forskjellege program. Prøv å bruke eit program til noko det ikkje er lagd for. Når du går på skule så er det verkeleg tida for å gjera mykje feil og lære av dei.

Og ikkje minst, søk på ein jobb. Eg har sett så alt for mange studentar opp gjennom åra som har vore uhyre flinke, men som alltid hadde noko dei skulle fikse på showreelen. Dei fleste selskap har ein nettside der du registrerer ein profil/søknad. Denne kan du som oftast oppdatere og med ny informasjon eller ein ny showreel når du har det.

Så ta sjansen. Hopp i det. Søk. Det funka for meg.

Hvordan er det å jobbe i London?
Herleg. London som by har mykje å tilby, både med tanke på fritid og jobbmuligheter. Dei fleste VFX-husa held til veldig sentralt og ein kan lett gå mellom dei på eit par minutt. Veldig greit om ein ofte bytter selskap. Og ikkje minst betyr det at det er veldig enkelt å komme seg til og frå jobb.

Hva kan du fortelle om de siste produksjonene du har deltatt i og hva rollen din har vært?
Dei siste filmane eg var vore mykje involvert i er Wonder Woman, Alien: Covenant og Murder on Orient Express. Eg har stått for delar av rigginga på dei to første, og all rigging som lead på den siste. På Wonder Woman gjorde MPC kampen på standa, No Mans Land og sekvensen i landsbyen. Eg var involvert i alt frå rigging av deformasjoner til setups i animasjonriggane på digidouble av Diana og fleire andre av karakterane me gjorde.

På Alien stod MPC for mykje av creature arbeidet, der me blant anna gjorde Xenomorphen og den nye alientypen, Neomorph. Eg stod for rigginga av den eine versjonen av den nye alientypen Neomorph. Eg var også involvert med å rigge Engineers for sekvensen der David kjem til planeten i filmen. For desse karakterane var det mykje muskelsetups og levere gode deformasjonar. Og det siste prosjektet eg kan snakke om er Murder on Orient Express der det blei mykje mekanisk rigging då eg måtte rigge den digitale versjonen av toget blant anna.

Vi takker for gode råd, og minner om at vi har ledige skoleplasser på Treider Fagskoler sin 3D utdanning.

Den ettårige utdanningen 3D design og animasjon hos Treider Fagskoler gjør deg i stand til å lage 3D-modeller og grafikk til animasjonsfilmer, reklame, dataspill, visualisering, visuelle effekter i spillefilm, 3D-printing og Virtual Reality. Det er allerede et stort behov for mennesker som behersker disse teknologiene og behovet er økende. Typisk kan du få jobb i film- og TV-bransjen, som spilldesigner eller i design- og reklamebyråer.

KONTAKT OSS

We're not around right now. But you can send us an email and we'll get back to you, asap.

Sending

©2018 TREIDER DESIGN

Log in with your credentials

Forgot your details?